Annonse

Alvorleg, men stabilt for 14-åring etter badeulykke

(NPK-NTB): Tilstanden til den 14 år gamle guten som vart henta opp av Rotevatnet i Volda måndag kveld har betra seg noko – frå kritisk til alvorleg.

I ei oppdatering frå Ålesund sjukehus torsdag kjem det fram at tilstanden er alvorleg, men stabil.

Guten hadde lege fleire minutt under vatn då han vart henta opp frå om lag sju meters djup måndag kveld.

Nødetatane utførte hjarte- og lungeredning på staden, før guten vart frakta til sjukehuset med luftambulanse. Han blir behandla på intensivavdelinga, og onsdag vart tilstanden karakterisert som kritisk. (©NPK)

Annonse