Annonse

Amalie Iuel persa og tok EM-kravet i 7-kamp

(NPK-NTB): Amalie Iuel vart i helga den tredje norske kvinna som fekk over 6000 poeng i sjukamp. Med 6011 poeng sette ho både pers og tok EM-kravet.

OL-kravet i sjukampen er på 6220 poeng, og det er heilt klart innan rekkevidde for jenta som har 400 meter hekk som spesialdistanse. Der er kravet for å komme med til Rio 55,90, og for å klare det må Iuel sette norsk rekord.

I Seattle opna ho sjukampen med 13,81 sekund på 100 meter hekk. Deretter følgde ho på med 1,84 i høgde, 11,63 i kule og 23,41 på 200 meter. Ho sette nye personlege rekordar både i kule og høgde.

Det er også verd å merke seg at 200-metertida ikkje er meir enn 11 hundredelar svakare enn den norske rekorden på distansen. (©NPK)