Ambulanse påkøyrd av rusa bilførar

Ein ambulanse fekk store materielle skadar då ein rusa bilist med vilje køyrde inn i han i Folldal sentrum i Hedmark i 22-tida onsdag kveld.

– Politiet og ambulanse rykte ut til ei adresse i samband med ei anna hending. Ambulansen som var først på staden, blir då påkøyrt tre gonger ganske kraftig, fortel operasjonsleiar Haagen Løvseth i Innlandet politidistrikt til NTB.

Politiet starta søk etter bilen og fann den medan den stod stille. Føraren, ei kvinne i 30-åra, prøvde då å stikke av frå politiet, men vart stansa ved at politiet køyrde inn i bilen.

– Det vart vedteke å gjennomføre ei forsettleg påkøyring frå politiets side for å stoppe den potensielt livsfarlege ferda, og den vart gjord i forholdsvis låg fare, seier Løvseth.

Politiet hadde kontroll på situasjonen klokka 23.30. Ingen personar vart skadde i påkøyringane, men i alt tre bilar fekk materielle skadar. Verst gjekk det ut over ambulansen.

Kvinna blir opp følgd av helsevesenet, og det blir oppretta straffesak etter hendingane, opplyser politiet.

(©NPK)