Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Piloten mista livet da eit amerikansk jagarfly styrta i England onsdag. Flyet skal ha vore på oppdrag i Midtausten og skulle tilbake til USA.
npk@npk.no
Publisert: 21.10.2015 kl 13:10
Sist oppdatert: 21.10.2015 kl 18:02
F18-maskina styrta like etter at ho hadde tatt av frå militærbasen Lakenheath i Suffolk aust i England onsdag formiddag.
Ifølgje politiet var det berre éin person om bord da ulykka skjedde.
Det amerikanske flyvåpenet opplyser at jagarflyet var med i ei gruppe på seks jagarar som var på veg frå Bahrain til ein base i Miramar i California i USA.
The Telegraph skriv at flyet skulle tilbake til USA etter å ha vore på kampoppdrag i Midtausten.
Det amerikanske flyvåpenet seier dei undersøkjer saka. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.