Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Nærmare 200 år etter at Georgetown University tente store summar på salet av 272 slavar, lovar det amerikanske universitetet å gje etterkomarane av offera ei formell orsaking.
npk@npk.no
Publisert: 02.09.2016 kl 15:15
Etterkomarane av slavane skal mellom anna få dei same opptaksvilkåra som det barna av fakultetsmedlemmene, tilsette og tidlegare studentar har, fortel blant andre The Guardian.
Men leiaren for universitetet, John DeGioia, sa i ein tale torsdag ingenting om at etterkomarane får stipend til universitetet, noko fleire har bede om.
Fleire skulebygningar skal også få nye namn for å heidra dei som blei tekne som slavar, medan eit nytt institutt skal opprettast til studiar om slaveri og slavehandel.
Tiltaka famnar breiare enn forsøka til andre amerikanske universitet på å gjera bot for bidraget sitt til slaveriet.
DeGioia kom også med ein lovnad om at universitet skal komme med ei formell orsaking for salet av 272 slavar, som blei sende til delstaten Louisiana.
Universitetet, som den gongen var tyngd av gjeld, tente i 1838 ein sum som svarar til nesten 27 millionar kroner etter noverande kurs på salet. Georgetown University er det eldste katolske universitetet i USA og ligg i Washington D.C. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.