Amerikanske medium hyllar norske «Mr. Ski»

(NPK-NTB-Steinar Schjetne): Norske Stein Eriksen blir hylla av medium i heimstaten Utah som grunnleggjaren av moderne skikøyring og for sin særprega eleganse i bakken.

Eriksen døydde søndag, 88 år gammal. Han lèt etter seg ei over 60 år lang karriere som idrettsutøvar, skiinstruktør og alpinkjendis i USA. I heimbyen Park City bidrog han til å utvikle feriestaden Deer Valley Resort, som seinare kalla opp ein del av luksushotellet etter han; Stein Eriksen Lodge.

– Han har gjort så mykje for skikøyring i Utah at eg ikkje trur det er mogleg å sette ein verdi på det, seier Clark Parkinson, som var skiinstruktør i Park City da Eriksen flytta dit i 1954, til Salt Lake Tribune.

ABC 4 Sports framhevar også Eriksen som «den elegante skikøyringas patriark» og omtaler han som «eitt av dei mest anerkjende namna i skiverda». «Stein Eriksen er blitt synonymt med stilfull skikøyring og eleganse i meir enn 60 år», skriv nettstaden.

I eit intervju i 2009 gav Eriksen sjølv USAs kjærleik for vinnarar æra for at han kunne leve slik han gjorde.

– Innverknaden hans på skiindustrien og denne feriestaden var uendeleg og arven etter han kjem alltid til å vere eit grunnleggjande aspekt ved Deer Valley. Han var ein sann inspirasjon og vi er æra over å ha han som ein del av Deer Valley-familien, seier Deer valley-sjef Bob Wheaton til ABC 4 (©NPK) Sports

Annonse