Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Facebook sensurerer råd frå det frivillige hjelpenettverket Ammehjelpen, fordi innlegga inneheld bilete av bryst. Frustrerande, meiner ammehjelparar.
npk@npk.no
Publisert: 12.09.2016 kl 07:52
– Vi har sett dei siste to-tre vekene at Facebook har sensurert oss ammehjelparar i det materiellet vi legg ut i samband med opplæring, seier ammehjelpar Camilla Amundsen til NRK. I mars 2015 endra nettsamfunnet retningslinjene for å tillate bilete av amming, etter kritikk for «moralistiske» reglar.
Amundsen fortel at både hovudsida til Ammehjelpen og dei personlege Facebook-sidene til ammehjelparane no blir blokkert viss dei legg ut råd om ammestillingar og problem som brystbetennelse. Ammehjelpa er ei lukka gruppe med nær 4.000 medlemmer, der nybakte mødrer kan få hjelp av rundt 140 godkjente ammehjelparar.
– Dei må bruke dei retningslinjene dei sjølv har laga og forvalte dei rett, slik at dei som må legge ut slike bilete, får lov til det, seier Amundsen.
Facebook har den siste tida fått stor merksemd – spesielt i Noreg – på grunn av at nettsamfunnet har blokkert det ikoniske biletet frå Vietnamkrigen. Biletet viser ei ni år gammal jente, Kim Phuc, som skrikande og utan klede flyktar nedover ein veg etter eit amerikanskstøtta sørvietnamesisk napalmangrep. Biletet blei sletta fordi det inneheldt nakenheit, noko som også er saka med Ammehjelpen, ifølgje Facebook. Fredag melde Facebook at dei likevel vil godta bruk av biletet av napalmjenta på grunn av den historiske betydninga. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.