Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Talet på avrettingar i verda er det høgste på eit kvart hundreår, ifølge Amnesty. Kina blir igjen kåra til versting, men der er den dystre statistikken hemmeleg.
npk@npk.no
Publisert: 06.04.2016 kl 14:59
Minst 1.634 menneske blei avretta i 25 ulike land i fjor, viser Amnesty Internationals årsrapport om dødsstraff og avrettingar. Det er ein kraftig auke frå 2014, då menneskerettsorganisasjonen registrerte 1.061 fullbyrda dødsdommar i 22 land verda over.
Tre land – Iran, Pakistan og Saudi-Arabia – utførte nesten 90 prosent av dei registrerte avrettingane i 2015. Amnestys oversikt omfattar ikkje Kina, der dødsstraff blir rekna som ei statshemmelegheit.
– Kina er framleis på topp når det gjeld avrettingar, heiter det i rapporten.
Amnesty oppgir ikkje nokon tal for Kina, men skriv at staten truleg framleis utfører avrettingar i tusental årleg. (©NPK)