Annonse

Amnesty: Google og Facebooks forretningsmodellar truar menneskerettane

Google og Facebooks forretningsmodellar, som bygger på store mengder datainnsamling, truar menneskerettane, fastslår Amnesty i ein rapport.

Amnesty argumenterer for at det å tilby folk gratis internettenester i byte mot å nytte personleg informasjon frå brukarane for å tilby målretta annonsar, truar ytringsfridommen.

- Trass i den reelle verdien av tenestene dei tilbyr, har plattformene til Google og Facebook ein kostnad, skriv organisasjonen i den ferske rapporten «Surveilliance Giants».

Amnesty påpeikar at det er problematisk at den einaste måten ein kan bruke tenestene på, er å overgi seg til eit system som bygger på menneskerettsbrot.

- Bryt med retten til privatliv

Businessmodellen er «gjennomgåande i strid med retten til eit privatliv», fastslår organisasjonen.

Facebook har òg vorte kritisert for at dei publiserer politisk reklame, mellom anna etter at selskapet i oktober kunngjorde at det ikkje kjem til å faktasjekke innlegg frå politikarar eller valkampapparata deira.

Torsdag kunngjorde Google at dei har vedtatt å gjere politisk reklame mindre målretta mot brukarane. Frå januar vil dei som publiserer politiske reklamar, berre få rette dei mot personar basert på breie kategoriar, som kjønn, alder og bustad. Avgjerda blir gjort kjent etter at mikrobloggtenesta Twitter har kunngjort at dei forbyr politisk reklame.

Facebook usamd i konklusjonen

Kommunikasjonssjef Peter Münster i Facebook Nordics skriv i ein e-post til NTB at dei er fullstendig usamde i Amnesty-rapporten.

- Facebook gjer folk over heile verda i stand til å halde kontakt på ein måte som vernar privatlivet, inkludert i mindre utvikla land gjennom verktøy som Free Basics. Vår forretningsmodell gjer at grupper som Amnesty International - som for augneblinken har annonsar på Facebook - kjem i kontakt med støttespelarar, samlar inn pengar og fremmar bodskap, skriv han.

(©NPK)

Amnesty kritiserer Google og Facebook i ny rapport. Foto: AP / Alastair Grant / NTB scanpix

Google og Facebooks businessmodellar, som bygger på store mengder datainnsamling, truar menneskerettane, fastslår Amnesty i ein rapport. FOTO: AP / NTB scanpix