Annonse

​Store forskjellar i trafikkveksten på norske flyplassar

(NPK-NTB): Talet passasjerar som reiste til og frå dei 46 lufthamnene til Avinor, auka med 1,6 prosent sett opp imot januar 2015. Det er store lokale variasjonar.

I januar hadde Oslo lufthamn ein vekst på 3,2 prosent sett opp imot same månad året før. Både trafikken i innland og utland steig med høvesvis 2,8 og 4 prosent. I alt 1.655.477 passasjerar reiste over Oslo lufthamn i januar, viser trafikkstatistikk frå Avinor.

Også ved Trondheim lufthamn, Værnes er det fleire reisande enn same tid i fjor, med ein auke på 3,5 prosent.

Både ved Stavanger lufthamn, Sola og Bergen lufthamn, Flesland går trafikken ned i januar. Flesland har ein nedgang på 1,5 prosent, medan Sola har ein nedgang på 8 prosent sett opp imot januar 2015.

På Flesland aukar talet på utanlandsreisande med 9 prosent, medan Sola har ein reduksjon på 14 prosent for internasjonal trafikk.

For andre lufthamner i Avinor-nettverket er det lokale variasjonar. Aktivitetsnivået i olje- og gassektoren har stor betydning for trafikken. I Kristiansund gir lågare aktivitetsnivå betydeleg redusert trafikk, med ein nedgang på 17,1 prosent. I Hammerfest derimot, gir auka aktivitet ein vekst på heile 46,7 prosent.

Generelt ser det ut til å vere ein jamn auke av talet på som reiser med fly i Nord-Noreg. Denne tendensen har vart i fleire månader, og i januar viser tala blant anna ein vekst på om lag 10 prosent i både Tromsø, Bardufoss og Mehamn. (©NPK)

Annonse