Klargjør siden...

– Bondeavtale kan gi utsetting av lausdriftskrav

(NPK-NTB): Dersom bondeorganisasjonane inngår ein avtale med staten, kan landbruket samtidig oppnå ei utsetting av det såkalla lausdriftskravet frå 2024 til 2034, etter det NTB erfarer.

Opplysningane kjem samtidig med at staten sit i innspurten av forhandlingane med bondeorganisasjonane om jordbruksoppgjeret. Fristen for ei avklaring er midnatt natt til laurdag.

Lausdriftskravet har vore kjent sidan 2003 og handlar om at all mjølkeproduksjon innan 2024 skal skje i lausdriftsfjøs. Hensikta er betre dyrevelferd ved at kyrne kan bevege seg fritt i fjøset framfor å tilbringe dagane i ein bås.

Men bondeorganisasjonane har vore kritiske til kravet, ikkje minst fordi det krev store og kostbare investeringar og ombyggingar.

Mange mjølkebønder har vanskar med å skaffe pengar til ombygging for å kunne innfri kravet. Allereie i 2008 vart lausdriftskravet derfor utsett til 2034 for bønder som har driftsbygningar bygde etter 1995.

Av mjølkeprodusentane har rundt 70 prosent framleis båsfjøs. (©NPK)

Annonse