– Cox' antatte drapsmann er nynazist

(NPK-NTB-AFP): Mannen som britiske medium omtaler som politikaren Jo Cox' drapsmann, har lenge vore støttespelar for ein nynazistisk organisasjon, opplyser antidiskrimineringssenter.

Fleire britiske medium har publisert namnet på den 52 år gamle mannen som knivstakk og skaut Labour-politikar og EU-tilhengar Jo Cox torsdag.

– Ifølgje dokument vi har henta ut, var den arresterte mannen ein dedikert støttespelar av organisasjonen Nasjonal Allianse (NA), den tidlegare største ny-nazi-organisasjonen i USA, skriv antidiskrimineringsenteret Southern Poverty Law Centre.

Antidiskrimineringssenteret skriv at den arresterte har støtta NA i fleire tiår og har ei lang historie med nasjonalisme. Han har brukt over 5.000 kroner på lesestoff frå NA, opplyser senteret.

Eit vitne til angrepet seier han høyrde angriparen rope «Storbritannia først», som er namnet på eit høgreradikalt nasjonalistparti. Dei sende ut ei pressemelding etter drapet, der dei tok avstand frå hendinga.

Tidlegare er det kjent at mannen var abonnent på magasinet S.A. Patriot, som er utgitt av ei sørafrikansk pro-apartheid gruppe. (©NPK)

Annonse