– Det er for seint for Rygge

(NPK-NTB): Sjølv om politikarane bråsnur og skrotar flypassasjeravgifta er det truleg for seint å redde Rygge, seier leiinga ved flyplassen.

– Sjølv om ein snur no er klokka kvart over tolv. Skaden har alt skjedd, seier administrerande direktør Pål Tandberg ved Moss Lufthavn Rygge til NTB.

For sjølv om den omstridde flypassasjeravgifta skulle hamne på dynga i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett i helga, har det gått for lang tid, seier han.

– Vi er langt på overtid alt. Det er utanfor min kontroll å seie om det er mogleg å rette opp i dette, men det ser veldig komplisert ut, seier Tandberg.

– Prosessen har vist at den politiske risikoen for private investorar i norsk luftfart er for stor. Vi har ei føreseielegheit som er lik null, slår han fast. (©NPK) (©NPK)