Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Forbrukardirektør Randi Flesland seier det varsla gigantsøksmålet mot DNB er meint som ein åtvarande peikefinger til finansbransjen.
npk@npk.no
Publisert: 15.06.2016 kl 15:38
Forbrukarrådet tar på seg jobben med å fremje det store gruppesøksmålet mot Noregs største bank. Banken har latt 150.000 småspararar betale 690 millionar kroner for mykje i gebyr på tre aksjefond, meiner rådet.
– Dette er ei prinsipielt viktig sak og eigentleg eit søksmål for innskotspensjonistane i framtida. Dei set gjerne pengane sine i aksjefond. Da er det klart viktig å velje rett fond med rett gebyr, elles kan veldig mykje meir av avkastinga bli eten opp, seier Flesland.
– Så dette er eigentleg ein løfta peikefinger til finansbransjen. Vi vil gi ein beskjed om at her er etikk viktig, og at bankane ikkje skal lure kundane med høge gebyr når det faktisk er mogleg å få like bra fond med lågare gebyr og dermed få betre pensjon når den tida kjem, seier Flesland.
Flesland og Forbrukarrådet fekk litt utilsikta merksemd onsdag da det gjekk ut ei pressemelding om at rådet hadde levert stemninga til Oslo tingrett. Ein teknisk glipp førte til at saka vart kjent før søksmålet faktisk var sendt av garde.
– Stemninga er rett rundt hjørnet, men ho er ikkje send, seier Flesland smått lattermild.
Først neste veke kan Oslo tingrett vente den omfattande stemninga inn i systema sine. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.