Klargjør siden...
Annonse

– Fredsavtalen for Colombia straks klar for underteikning

(NPK-NTB-AP): Fredsavtalen mellom FARC-geriljaen og colombianske styresmakter kan bli underteikna om få timar, opplyser president Juan Manuel Santos.

Fredssamtalane mellom regjeringa i Colombia og FARC-geriljaen har gått føre seg på Cuba sidan 2012, og Noreg har spelt ei viktig rolle som tilretteleggjar under forhandlingane.

I byrjinga av august i år vart partane einige om innføring av ei våpenkvile, og onsdag kunngjorde president Santos at forhandlarane var i ferd med å legge aller siste hand på fredsavtalen og at den berre var timar unna å bli underteikna.

Ein talsmann for FARC-geriljaen seier likevel at det framleis står att fleire detaljar i avtalen som partane må bli einige om. (©NPK)

Annonse