Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Blokaden av Gaza hindrar gjenoppbygging og aukar faren for ekstremisme, meiner Kirkens Nødhjelp.
npk@npk.no
Publisert: 07.07.2016 kl 07:37
– Gaza-ungdommane har opplevd tre krigar og levd under blokade i ni år. For dei er israelarar nokon som bomber dei og hindrar dei i å leve normale liv, seier generalsekretær Anne-Marie Helland i Kirkens Nødhjelp. Ho meiner generasjonen veks opp med eit hat mot israelarar, eit hat som kan utnyttast av ekstremistar som IS.
Det har gått to år sidan det siste angrepet på Gaza. Kirkens Nødhjelp og andre internasjonale organisasjonar åtvarar mot den manglande gjenoppbygginga.
– Å heve blokaden er den einaste løysinga for å få fart på gjenoppbygginga og for at folk skal få tilgang til elementære tenester som dei så desperat treng. Då kan Gazas øydelagde økonomi komme seg igjen, og frustrasjonen kan minke, seier Helland. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.