Annonse

– Krona på ulykkesbussen var ikkje godkjent

(NPK-NTB-Linus Røvik Hauge): Ein 19 år gammal russ er kritisk skadd etter at han slo hovudet i tunneltaket i Arnanipatunnelen aust for Bergen natt til torsdag. Sjåføren er sikta etter hendinga.

– Førebelse undersøkingar tyder på at 19-åringen har stått på taket på ein russebuss og treft noko i tunneltaket, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til NTB.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 2.37 natt til torsdag. AMK melde at guten hadde fått hovudskadar og at skadane var kritiske. 19-åringen vart flogen med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus, og sjukehuset bekrefta det alvorlege skadeomfanget litt seinare på natta.

Sjåføren hadde ikkje førarkort på seg, men kunne vise papir på at han har gyldig køyreløyve. Desse har politiet no tatt beslag i.

Kvar i tunnelen ulykka skjedde, er ikkje kjent, eller om sjåføren var klar over at ein russ var på taket. Tomren seier etterforskinga forhåpentleg vil klarleggje kva som har skjedd.

– Vi har snakka med sjåføren, russ og vitne, men det vil bli opp til etterforskinga å avdekkje korleis dette har skjedd, sa operasjonsleiar Magnussen.

– Det står ingenting i vognkortet til denne bussen at han er godkjent med krone. Denne bussen har ikkje vore inne hos oss til kontroll i år, seier Knut Sylta, ingeniør ved Bergen trafikkstasjon.

Dersom krona var godkjent, skulle dette stått i vognkortet.

Ifølgje Laukeland var fleire medrussane til den skadde guten vitne til den alvorlege ulykka. Dei vart tekne vare på av helsepersonell på staden.

Torsdag formiddag var det enno ikkje kjent kor mange som var om bord i bussen då ulykka skjedde og kva skular dei høyrer til. Ifølgje Bergensavisen er russ frå fleire forskjellige skular med på russebussen.

19-åringen høyrer til Fana Gymnas, og både elevar og lærarar vart i morgontimane torsdag orienterte om den alvorlege ulykka, skriv (©NPK) VG.

Annonse