Annonse

– Mislykka rakettoppskyting i Nord-Korea

(NPK-NTB-AFP): Nord-Korea mislykkast tysdag i det som blir omtalt som eit forsøk på å skyte opp ein kraftig ny mellomdistanserakett, melder sørkoreanske styresmakter.

– Nord-Koreas forsøk ser ut til å ha mislykkast, seier ein talsmann for forsvarsdepartement til nyheitsbyrået Yonhap.

– Vi analyserer og overvaker situasjonen nøye og held oppe eit vasstett forsvar.

Forsvarsleiinga i Sør-Korea seier den mislykka oppskytinga av ein uidentifisert rakett fann stad klokka 5.20 tysdag morgon. Ifølgje styresmaktene i sør er det snakk om eit ballistisk missil, noko som gjer at prøveoppskytinga inneber eit brot på FN-resolusjonar som forbyr Nord-Korea å utvikle slik teknologi.

Forholdet mellom dei to naboane på Koreahalvøya har vore spent sidan Nord-Korea i januar gjennomførte si fjerde atomprøvesprenging, etterfølgt av oppskytinga av ein langdistanserakett månaden etter.

Ifølgje Yonhap seier militære kjelder at missilet som mislykkast tysdag var av typen Musudan. Den har ei rekkevidde som dekkjer heile Sør-Korea og Japan og skal i teorien kunne nå den amerikanske militærbasen på stillehavsøya Guam. Det har aldri vore gjennomført ein vellykka test av Musudans flyeigenskapar. (©NPK)

Annonse