Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Eit rundskriv som blei innført under den raudgrøne regjeringa kan seiast å vere strengare enn den omstridde danske «smykkelova», meiner asyladvokat.
npk@npk.no
Publisert: 27.01.2016 kl 19:13
– Ser vi på beløpsgrensa er det norske regelverket utan tvil strengare, seier advokat Cecilie Schjatvet i Advokatfirmaet Hestenes og Dramer til NRK.
Rundskrivet slår fast at asylsøkjarar med meir enn 5.000 kroner i formue eller eigedelar kan trekkast i offentlege ytingar. Lova som Folketinget i Danmark vedtok tysdag opererer til samanlikning med ei beløpsgrense på 10.000 kroner.
Skilnaden er at den danske lova opnar for at politiet kan beslagleggje gjenstandar og pengebeløp, medan det i Noreg er snakk om trekk i ytingar.
Schjatvet stiller spørsmål ved den praktiske betydninga til rundskrivet, og viser til at ho knapt har høyrt om asylsøkjarar som har komme til Noreg med meir enn eit par hundrelappar i kontantar.
– Eg trur ikkje det er så mange i det politiske miljøet som har sett dette rundskrivet, sa KrF-nestleiar Dagrun Eriksen under ein debatt i Dagsnytt Atten onsdag.
Ho blei sjølv gjort kjent med regelverket ein times tid før sending, og vil no prøve å få det endra. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.