Klargjør siden...

– Rådyrkalvar vert drepne i tusental av slåmaskiner

(NPK-NTB): Dyrebeskyttelsen krev at Bondelaget innfører tiltak for å hindre at fleire tusen rådyrkalvar blir drepne i møte med slåmaskiner kvart år.

Kvart år døyr 4.000 rådyrkalvar av ulykker, ifølgje Norges Skogeierforbund. Ein betydeleg del av dei blir drepne av slåmaskiner, skriv Nationen.

Dagleg leiar Linn Krogstad i Dyrebeskyttelsen meiner Bondelaget må sørgje for at informasjonen når medlemmene deira.

– Det einaste vi kan gjere er å oppfordre bøndene til å ta forholdsreglar, svarer Bjørn Gimming i Norges Bondelag, til avisa. Han presiserer at det ikkje er nødvendig at styresmaktene grip inn.

Tiltak mot rådyrdødsfall er ein del av Miljøpartiet dei Grønes partiprogram. Talsperson for MDG, Une Aina Bastholm, meiner staten må ta ansvaret, men lovar å gå i dialog med bondeorganisasjonane.

Det finst enkle metodar som kan takast i bruk for å unngå at kalvane hamnar under slåmaskinene, ifølgje Krogstad. Det eine er å skremme dei vekk med hund om morgon og kveld før slåtten. Det andre er å feste ein planke med kjettingsnorer framfor på traktoren. Når rådyrkalvane vert trefte av kjettingen, vil dei hoppe opp og rømme, seier ho. (©NPK)

Annonse