Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Omfattande tiltak må setjast i verk raskt for å redde Great Barrier Reef, ifølgje australske forskarar. Det største korallrevet i verda er trua både av global oppvarming og lokal forureining.
npk@npk.no
Publisert: 19.05.2016 kl 16:05
Klimaendringane som gradvis gjer havvatnet varmare, er det umogleg å stanse på kort sikt. Men mindre lokal forureining kan gi revet ein sjanse til å takle høgare temperaturar.
Å betre vasskvaliteten vil koste ein sum tilsvarande 60 milliardar kroner over ein periode på ti år, anslår forskarane Jon Brodie and Richard Pearson ved James Cook University.
– Dette er siste sjanse, seier Brodie til avisa The Guardian.
Viss ikkje tiltaka blir trappa opp, kan det om fem år vere for seint å redde revet. Mykje av den lokale forureininga stammar frå landbruket, og forskarane føreslår å legge ned sukkerplantasjar langs den australske kysten.
Uvanleg varmt havvatn har det siste året forårsaka store skader på korallrev mange stader i Stillehavet. Halvparten av korallane på den nordlege delen av Great Barrier Reef er truleg døde eller døyande.
Dei høge temperaturane kjem av både gradvis global oppvarming og vêrfenomenet El Niño. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.