Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-DPA-AFP): USA har prøvd å presse EU til å fjerne reglar som beskyttar forbrukarar og miljø i forhandlingane om den nye frihandelsavtalen TTIP, ifølgje tyske medium.
npk@npk.no
Publisert: 02.05.2016 kl 07:46
Sist oppdatert: 02.05.2016 kl 12:05
Avisa Süddeutsche Zeitung er blant dei som har gått gjennom dokument som er lekne av miljøorganisasjonen Greenpeace. TTIP-forhandlingane skjer i stor grad i løyndom, og dokumenta inneheld informasjon om korleis samtalane mellom EU og USA har gått føre seg.
For å presse EU til å godta import av fleire amerikanske landbruksprodukt, har USA trua med å nekte meir import av europeiske bilar, ifølgje Süddeutsche Zeitung. Blant produkta amerikanarane håpar å selje til Europa, er matvarer baserte på genmanipulerte planter.
Greenpeace meiner dokumenta, som vart offentleggjorde måndag formiddag, beviser at TTIP vil utgjere ein stor risiko for klima, miljø og forbrukartryggleik.
– Desse lekne dokumenta bekreftar det vi har sagt i langt tid: TTIP vil sette selskap i sentrum av politiske prosessar, og det vil gå på kostnad av miljøet og folkehelsa, seier Jorge Riss, direktør for Greenpeaces EU-kontor i Brussel, i ei fråsegn.
– Det er på tide å kaste lys over desse forhandlingane. Hardt tilkjempa miljøframsteg blir sett til side bak lukka dører, seier Faiza Oulahsen i Greenpeace Nederland.
Blant anna meiner motstandarane at store, multinasjonale selskap får mykje makt dersom ein slik avtale trer i kraft. Greenpeace hevdar dessutan at kampen mot global oppvarming ikkje blir nemnt med eit ord i forhandlingstekstane, og at USA vil presse EU til å lette på det såkalla føre var-prinsippet som avgrensar bruk av produkt som kanskje kan vere farlege. (©NPK)