Annonse

– Uverdig å krevje at folk syklar tilbake til Russland

(NPK-NTB): Russland krev at personar som blir returnerte skal bruke same transportmiddel som då dei kom inn til Noreg. Uverdig, meiner Arbeidarpartiets Helga Pedersen.

– Eg meiner det må vere heilt uaktuelt å returnere folk på syklar i dei temperaturane vi ser no, seier stortingsrepresentant Helga Pedersen til Aftenposten.

I haust kom mange asylsøkjarar syklande inn i Noreg frå Russland over grensa ved Storskog i Finnmark. I Stortingets spørjetime onsdag opplyste statsminister Erna Solberg (H) at Russland seier nei til eit norsk forslag om retur med buss.

– Vi har tilbode dei buss til næraste by, men russarane seier at dei skal komme tilbake på same måte som dei reiste, sa Solberg i Stortinget.

Onsdag kveld er det 30 minusgrader på vaktstasjonen ved Storskog i Sør-Varanger i Finnmark.

– Vi er samde i at folk utan vernebehov skal returnerast, men det er eit stort poeng at det skal skje på ein verdig måte. Vi veit at det kom folk med helseproblem, eldre og folk som ikkje var spesielt gode til å sykle, seier Pedersen.

I førre veke fekk alle politidistrikta i landet ein førespurnad frå Politidirektoratet om å samle inn hittesyklar til personar som skal bli returnerte, fordi mange av syklane er kasta og destruerte fordi dei ikkje oppfylte norske krav til bremsar, lys eller liknande. (©NPK)