Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Oslo (NTB): Svevestøv frå vedfyring i byar er farlegare enn utslepp frå bilar, viser ein rapport frå Det europeiske miljøbyrået (EEA).
npk@npk.no
Publisert: 07.01.2016 kl 10:49
Sist oppdatert: 07.01.2016 kl 12:15
1.700 nordmenn døyr for tidleg kvart år som følgje av svevestøv frå vedfyring, ifølge EEA.
– I norske byar er vedfyring det viktigaste tiltaket ein kan gjere noko med, seier seniorforskar Christina Guerreiro ved Norsk institutt for luftforsking til NRK.
Nye utrekningar frå det europeiske miljøbyrået viser at rundt 2.000 nordmenn døydde for tidleg i 2012 grunna luftforureining. Over 80 prosent av dødsfalla kom ikkje av nitrogendioksid frå dieselbilar. Det mest finmaska svevestøvet kjem frå vedfyring.
– Partiklane går ikkje berre inn i lungene, dei går også over i blodsirkulasjonen og påverkar det kardiovaskulære systemet (hjartet/blodårer), opplyser Guerreiro. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.