Klargjør siden...

Analytikarar: Russland endrar plan i Ukraina

Tankesmia Institute for the Study of War (ISW) meiner at Russland gir opp planane om ei storstilt omringing av ukrainske styrkar i Donbas-regionen.

I staden for å prøve å sikre eit gigantisk område i ei tenkt linje frå byane Donetsk til Izium, meiner ISW at russiske styrkar heller vil prøve å ta heile Luhansk-regionen.

ISW anslår at Russland snart vil rette fokuset mot kampen om byen Sievjerodonetsk i Luhansk.

– Russiske styrkar held fram med å koordinere innsatsen for å innta Sievjerodonetsk frå nord og frå sør, noko som kan resultere i ei mindre omringing av dei ukrainske styrkane enn venta, heiter det i analysen.

(©NPK)

Annonse