Anders Mol skal spele for Førde, men får ikkje hoppe for mykje

Det norske sandvolleyballesset Anders Mol skal i aksjon for volleyballaget Førde i eliteserien fram til desember.

Det er Firda som først melde at Mol vart presentert som Førde volleyballklubb sin nye forsterkning onsdag.

Til Bergensavisen seier faren til volleyballstjerna og trenar Kåre Mol at sonen har besteforeldre frå Sunnfjord, og at også mora er derfrå.

- Han hadde lyst til å trene med dei gamle kompisane sine i Førde, og då vart det slik.

Anders Mol får rett nok ikkje sleppe seg heilt laus på parketten. Saman med makkar Christian Sørum er Anders Mol eitt av Noregs største gullhåp i Tokyo-OL i sandvolleyball til sommaren.

Trenar Mol har derfor gitt han klare avgrensingar.

- Vi skal ikkje gjere noko som kan skade oppkøyringa til OL. Han må ha ei gradvis tilnærming til parketten, og skal ikkje hoppe for mykje. Anders skal registrere kvart einaste hopp han tar, og rapportere tilbake til meg. Han skal òg spele med ei ankelstøtte for å hindre at han trakkar over, seier Mol.

(©NPK)

Anders Mol skal spele volleyball for Førde fram til desember. Her saman med makker Christian Sørum. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix