Klargjør siden...
Annonse

Andersson har gratulert Kristersson med statsministerjobben

Sveriges avtroppande statsminister Magdalena Andersson har gratulert påtroppande Ulf Kristersson etter at Riksdagen gav grønt lys for ny regjering.

– No har Den svenske riksdagen valt Ulf Kristersson til statsminister og eg har gratulert han. Med det kviler det no eit stort ansvar på skuldrene til Jimmie Åkesson og Ulf Kristersson. Avstemminga betyr også at Socialdemokraternas opposisjonsarbeid byrjar for alvor, skriv Andersson på Instagram.

Ho skriv vidare at Sverige treng ein ansvarleg finans- og velferdspolitikk som kan bryte ned forskjellane i samfunnet, og ifølgje henne er det ikkje slik politikk å spore i regjeringsavtalen Kristersson har lagt fram.

– Dei har lagt fram ein avtale som kanskje løyser interne problem i høgresamarbeidet, men som fullstendig ignorerer avgjerande samfunnsproblem og som risikerer å gjere svenskane fattigare, seier Andersson.

Kristerssons parti Moderaterna skal danne regjering med Kristdemokraterna og Liberalerna. Sverigedemokraterna blir støttepartiet til regjeringa.

(©NPK)

Sveriges avtroppande statsminister Magdalena Andersson har gratulert påtroppande statsminister Ulf Kristersson. Arkivfoto: Christine Olsson/TT / NTB

Annonse