Klargjør siden...
Annonse

Andersson og Niinistö møtte Biden i Det kvite hus

Sveriges statsminister, Finlands president og USAs president har mellom anna diskutert Nato-søknadene i eit møte i Det kvite hus torsdag.

– I dag er eg stolt over å ønskje velkommen, og tilby USAs sterke støtte, til søknadene frå to svært dyktige partnarar om å bli med i den sterkaste forsvarsalliansen i historia, sa USAs president Joe Biden på pressekonferansen etter møtet.

Sveriges statsminister Magdalena Andersson og Finlands president Sauli Niinistö var på plass rundt klokka 9 lokal tid, altså klokka 15 norsk tid, torsdag – dagen etter at dei to landa sende inn søknadene sine om Nato-medlemskap.

– Dei oppfyller alle Natos krav og litt til, sa presidenten.

– Eg ser fram til snart å kalle Finland og Sverige for venner, partnarar og allierte.

Tryggingspolitisk signal

Andersson og Niinistö vart ønskt velkommen av Biden og fotografar ved den sørlege porten inn til Det kvite hus før dei forsvann inn for å halde det planlagde møtet.

– Møtet er eit viktig tryggingspolitisk signal til omverda, skriv Andersson på Instagram-kontoen sin frå eit varmt Washington.

Nesten to timar seinare kom dei tre regjeringssjefane ut frå Det kvite hus for å halde ein pressekonferanse i Rosehagen.

Opne for diskusjon

Spesielt Tyrkias motstand mot Finland og Sverige som medlemmer i Nato vart eit tema på pressekonferansen. Niinistö sa at landet hans er opne for å diskutere alle bekymringar Tyrkia måtte ha.

Tyrkia har uttrykt seg negativt til at Sverige og Finland skal bli med i Nato, og har spesielt komme med påstandar om haldninga landa har til Det kurdiske Arbeidarpartiet PKK, som Tyrkia har stempla som ein terrororganisasjon.

Den tyrkiske regjeringa er også utilfredse med at Sverige og Finland avviser å utlevere eit 30-tals personar som Tyrkia skuldar for å vere terroristar.

– Vi fordømmer terrorisme i alle former, og vi er aktivt engasjert i å kjempe mot det, sa Niinistö på pressekonferansen ved Det kvite hus.

– Vi er opne for å diskutere alle bekymringar Tyrkia måtte ha rundt medlemskapen vår på ein open og konstruktiv måte, sa han.

Dialog

Andersson sa på si side at Sverige ser fram til ein hurtig ratifiseringsprosess i Nato.

Alle dei 30 medlemslanda i forsvarsalliansen må godkjenne søknadene dei to landa har sendt inn, for at dei skal kunne takast opp som medlemmer.

– Vi er i dialog med alle medlemslanda, inkludert Tyrkia, for å løyse dei problema som finst, sa Andersson.

(©NPK)

Finlands president Sauli Niinistö, USAs president Joe Biden og Sveriges statsminister Magdalena Andersson poserer saman utanfor Det kvite hus. Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Annonse