Klargjør siden...

Andrew Tate arrestert i Romania

Internettpersonlegdommen Andrew Tate (36), kjent for kvinnefiendtlege haldningar, er arrestert saman med bror sin i Romania.

Brørne, som har britisk statsborgarskap, blir etterforska for menneskehandel, valdtekt og etablering av ei organisert kriminell gruppe. Det melder mellom anna den rumenske avisa Gandul og nyheitsbyrået Reuters.

Påtalemakta skriv i ei pressemelding at to britar og to rumenarar er mistenkte for å ha slått seg saman i 2021 for å gjere seg skuldige i menneskehandel i Romania og fleire andre land.

Fredag bad påtalemakta om at Andrew Tate blir varetektsfengsla i 30 dagar. Han og broren Tristan skal ha vorte arrestert kvelden før, nord for hovudstaden Bucuresti.

– Utsett for vald

Advokaten til Tate-brørne stadfestar at dei er arresterte, men sjølv har dei så langt ikkje uttalt seg.

Dei mistenkte hadde planar om menneskehandel også i USA og Storbritannia, ifølgje den rumenske etaten Diicot, som har ansvar for etterforsking av organisert kriminalitet og terrorisme.

Offera skal ha vorte lokka inn i det dei trudde skulle vere reelle kjærastforhold med sambuarskap eller ekteskap som mål. Seinare vart dei køyrde av garde og plasserte i bustader der dei vart utsette for fysisk vald og psykisk utpressing, heiter det i pressemeldinga.

Ifølgje påtalemakta vart dei tvinga til å utføre seksuelle handlingar framfor kamera.

Sjølverklært sexist

Andrew Tate er oppvaksen i USA og tidlegare profesjonell kickboksar. I seinare år har han vorte kjend som ein kontroversiell, høgreorientert og sjølverklært sexistisk internettpersonlegdom og influensar.

I videoar på Tiktok har han sagt at kvinner tilhøyrer menn og bør halde seg heime, ifølgje The New Zealand Herald.

Nokre av videoane skal ha vorte sett fleire milliardar gonger. I juli i år vart det gjort fleire Google-søk etter Tate enn etter Donald Trump, Kim Kardashian eller «covid-19», skriv Forbes.

Fleire sosiale medium har fjerna Tates kontoar, men han fekk tilbake Twitter-kontoen sin etter at selskapet vart kjøpt av Elon Musk. Her har han 3,4 millionar følgjarar.

Andrew Tate skal ha budd i Romania dei siste fem åra. Han skal ha sagt at han flytta delvis fordi det var lettare å unngå sikting for valdtekt i Romania.

Thunberg-konflikt

I Romania har Tate-brørne vorte etterforska sidan april. Så langt er seks kvinnelege offer identifiserte, ifølgje påtalemakta.

Valdtektsmistanken dreier seg om at ei kvinne i mars i år skal ha vorte tvinga fysisk og psykisk til å gjennomføre seksuelle handlingar ved to høve.

Tidlegare denne veka latterleggjorde Tate klimaaktivisten Greta Thunberg på Twitter. 36-åringen skrytte av utsleppa frå dei 33 bilane sine.

19 år gamle Thunbergs svar er etter seiande ein av dei ti mest likte Twitter-meldingane nokosinne.

Tate la deretter ut ein video der ei rumensk pizzaeske var synleg, og på internett blir det spekulert på om dette bidrog til at han vart arrestert. Dette er likevel ikkje stadfesta.

(©NPK)

Andrew Tate blir ført bort av politiet etter at han vart arrestert i Ilfov-området i Romania. Foto: Observator Antena 1 via AP / NTB

Annonse