Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Angola blir første motstandar for dei norske handballkvinnene i hovudrunden i VM.
Publisert: 04.12.2023 kl 20:28
Det vart klart då Angola og Island spelte 26–26 i gruppespelet måndag.
Noreg har rada opp den eine storsigeren etter den andre i innleiinga av VM. Mannskapet til Thorir Hergeirsson tek med seg fire poeng inn i hovudrunden.
Første kamp der blir spelt onsdag. Då skal Angola prøve å skape trøbbel for Nora Mørk og lagvenninnene.
Noreg speler sine neste kampar i Trondheim. Frankrike og Slovenia blir dei to andre motstandarane i hovudrunden.
Noreg og Angola møttest rett før VM. Då vart det norsk siger med 32–24.
(©NPK)
Angola blir Noregs neste motstandar. Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.