Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Ein person skal vere drepen i eit pågåande angrep mot ein bistandsorganisasjon i Afghanistans hovudstad Kabul, ifølgje innanriksdepartementet i landet.
npk@npk.no
Publisert: 06.09.2016 kl 07:22
– Vi trur at to angriparar har teke seg inn i bygningen. Dessverre er ein sivil drepen og seks andre er skadd, seier talsmann Sediq Sediqqi i innanriksdepartementet.
Måndag blei byen råka av tre bombeangrep, og det har vore skotvekslingar og ein gisselsituasjon i etterkant av dette. Tysdag morgon gjekk det framleis føre seg kampar mellom sikkerheitsstyrkar og angriparar i kjølvatnet av den eine eksplosjonen, men det er usikkert om dette har samanheng med opplysningane om angrepet mot ein bistandsorganisasjon. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.