Klargjør siden...

Anken klar i Breivik-saka

(NPK-NTB): Regjeringsadvokaten har levert anken frå staten over dommen om Anders Behring Breiviks soningsforhold.

Oslo tingrett avsa 20. april dom der det vart konkludert med at den europeiske menneskerettskonvensjonens artikkel 3 var krenkt overfor Anders Behring Breivik under fengselsopphaldet i Ila fengsel og Telemark fengsel.

Staten vart dømt til å betale Breiviks sakskostnader på omtrent 330.000 kroner.

Anken frå staten gjeld både rettsbruken og bevisvurderinga.

Regjeringsadvokaten meiner at Breivik ikkje på noko tidspunkt er eller har vore utsett for umenneskeleg eller nedverdigande behandling.

– Tvert imot har han gjennom dei snart fem år som har gått sidan gripinga, vore underlagt eit humant og ansvarleg soningsregime, som gradvis er tilpassa ut frå kontinuerlege fengselsfaglege vurderingar, heiter det i anken. (©NPK)

Annonse