Klargjør siden...

Anne Enger kan bli leiar i Kyrkjerådet

(NPK-NTB): Tidlegare Sp-leiar Anne Enger er kandidat til vervet som kyrkjerådsleiar. Dei to andre aktuelle er Harald Hegstad og Kristin Gunleiksrud Raaum.

Nominasjonskomiteen sat i møte to timar på overtid før dei ved 21-tida onsdag kveld kunne presentere kandidatane, skriv Dagen.

– Vi har hatt ein brei diskusjon og tatt omsyn til forslaga frå bispedømmeråda. Vi har vore opptatt av leiarkompetanse og kunnskap om kyrkja, seier komitéleiar Jorund Andersen.

Kristin Gunleiksrud Raaum er i dag nestleiar i Kyrkjerådet og er ifølgje Dagen kjent for sin kamp for at likekjønna skal få gifte seg i kyrkja. Harald Hegstad er tidlegare leiar i Oslo bispedømmeråd og rekna som den mest konservative kandidaten, men også han går inn for kyrkjeleg vigsel for homofile. Det same gjer Anne Enger.

Noverande kyrkjerådsleiar Svein Arne Lindø kunngjorde i mai i fjor at han ikkje stiller til attval. Kyrkjerådet er Den norske kyrkjas «regjering» og blir valt av Kyrkjemøtet, som samlast i Trondheim frå 6. til 12. april. (©NPK)

Annonse