Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Anne Nafstad Lyftingsmo er i statsråd utnemnt til regjeringsråd og blir øvste administrative sjef på Statsministerens kontor.
npk@npk.no
Publisert: 11.05.2016 kl 11:28
– Med si lange erfaring frå statsforvaltninga er eg trygg på at Anne Nafstad Lyftingsmo vil gjere ein god jobb som regjeringsråd, seier statsminister Erna Solberg (H) i ein kommentar etter statsråd onsdag.
Lyftingsmo (48) er i dag ekspedisjonssjef i Innanriksavdelinga på Statsministerens kontor. Ho tek over stillinga etter Nina Frisak, som har vore regjeringsråd sidan 2001.
– Dette er ein meiningsfull og utfordrande jobb, og eg takkar for den tilliten eg har blitt vist, seier Lyftingsmo. Ho startar i stillinga 1. juli. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.