Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Anniken Huitfeldt er foreslått som toppkandidat for Akershus Arbeidarparti ved stortingsvalet neste år.
npk@npk.no
Publisert: 24.05.2016 kl 16:08
Forslaget frå nominasjonskomiteen i fylkeslaget blei gjort kjent tysdag. Komiteen ønskjer å sende to av ordførarane i fylket til tinget: Nina Sandberg frå Nesodden er foreslått på tredjeplass og Tuva Moflag i Ski på femte.
Valkomiteen er delt når det gjeld plasseringa av AUF-leiar Mani Hussaini. Medan fleirtalet ønskjer han på sjetteplass, vil eit mindretal at han skal vere nummer sju.
Stortingsrepresentantane Sverre Myrli og Åsmund Aukrust står på høvesvis andre og fjerde plass. Frå før er det kjent at Marianne Aasen gjev seg etter tolv år på Stortinget. Heller ikkje Gunvor Eldegard, som har sete like lenge, er å finne på nominasjonslista.
Partiet har i dag fem representantar frå Akershus. (©NPK)