Antibiotika blir kopla til auka cøliaki-risiko

(NPK-NTB): Barn som får to eller fleire antibiotikakurar det første halvanna året dei lever, har større risiko for å utvikle cøliaki, viser tal frå den norske mor og barn-undersøkinga.

Undersøkinga er ein nærstudie av over 100.000 svangerskap, og tala herifrå kan blant anna brukast til å sjå på samanhengen mellom bruk av antibiotika hos små barn og ulike helseproblem seinare i livet, skriv Stavanger Aftenblad.

Mors bruk av antibiotika ser ikkje ut til å påverke cøliakirisikoen, og forskarane fann heller ingen samanheng mellom cøliaki – ein kronisk betennelsessjukdom som kjem av ein immunreaksjon mot gluten – og mors røykjevanar, fødselsvekta til barnet og om barnet vart amma eller ikkje.

– Vi ville gjere undersøkinga fordi det allereie var kjent at antibiotika påverkar utviklinga av tarmfloraen, og ein del forskarar har meint at dette kunne ha samanheng med cøliaki, seier Ketil Størdal, som er forskar i MOBA og leiar av studien. Noreg er blant landa i verda med lågast forbruk av antibiotika, men også i Noreg får barn slike legemiddel for infeksjonar som kan gå over av seg sjølv. (©NPK)

Annonse