Klargjør siden...

Antidoping Norge ber om to års utestenging for basketballspelar

Påtalenemnda i Antidoping Norge har sendt eit krav om påtale til domsutvalet i Norges idrettsforbund mot ein basketballspelar med positiv dopingprøve.

- Prøven, som blei teken i konkurranse i februar 2023, inneheldt ifølge analyserapport fra Norges laboratorium for dopinganalyse tilstedeværelse av tetrahydrocannabinol (THC eller hasj), skriv Antidoping Norge.

Påtalenemnda ber om ei utestenging i to år som skal gjelde konkurransar, organisert trening og tillitsverv.

Vedtaket vart gjort 5. september.

(©NPK)

Annonse