Klargjør siden...
Annonse

Antidoping Norge reagerer sterkt på astmamedisinbruk

(NPK-NTB): Antidoping Norge reagerer sterkt på TV 2s opplysningar om at friske, norske langrennsløparar er blitt tilbodne astmamedisin.

– For oss er dette heilt ny informasjon, og vi reagerer sterkt på dei opplysningar som har komme fram i media, seier Per Wiik Johansen, farmakolog og medisinsk sjef i Antidoping Norge.

ADN sende torsdag formiddag ut ei pressemelding der det kjem fram at dei reagerer sterkt på opplysningane som kjem fram på TV 2.

Antidoping Norge er heller ikkje einig i sportssjef Vidar Løfshus' SMS til Dagbladet, der det stod «Dessutan hadde eg saman med mine legar denne veka ein gjennomgang med medisinsk komité i Antidoping Norge på våre rutinar for behandling av luftvegar. Det vart godt mottatt.»

– Vi hadde eit godt og positivt møte, men dette er ei framstilling som vi ikkje kjenner igjen. I møtet var medisinering av friske utøvarar ikkje nemnt, seier Wiik Johansen.

– Eg må nesten prate med Antidoping Norge før eg kommenterer dette, seier Vidar Løfshus til NTB.

Dopingjeger og lege i FIS Inggard Lereim omtaler det heile som «svært uheldig».

– Eg kan ikkje tenkje meg at det skal vere nødvendig å behandle friske menneske med astmamedisin. Dette er heilt ukjent i FIS. Og dersom dette er rett, vil eg be om at medisinsk avdeling i FIS går på Noreg for å få ei utgreiing om dette, seier Inggard Lereim til VG. (©NPK)

Annonse