Annonse

Antirasistisk Senter skal klage på Antonsen-bortlegging

Antirasistisk Senter er overraska over at komikaren Atle Antonsen ikkje blir straffeforfølgd for kommentarane mot Sumaya Jirde Ali. Dei kjem til å klage.

– Vi meiner sjølve ytringa i seg sjølv er kvalifiserte krenkjande, seier dagleg leiar Hatem Ben Mansour ved Antirasistisk Senter til TV 2.

Han kallar det overraskande at Oslo statsadvokatembete har lagt bort saka mot Antonsen.

– Det verkar ikkje på nokon som helst måte som noko anna enn ein trussel på at du ikkje høyrer heime her. Viss ikkje dette er hatytringar, byrjar eg å lure på kva dei meiner er hatytringar i Oslo-politiet.

(©NPK)

Kommentarane forfattaren Sumaya Jirde Ali vart utsett for blir ikkje teken til retten, noko som overraskar Antirasistisk Senter.

Foto: Lise Åserud / NTB