Annonse

AP: Filippinske fredssamtalar i Oslo

(NPK-NTB-AP): Filippinske kommunistopprørarar og representantar for regjeringa til påtroppande president Rodrigo Duterte har starta fredssamtalar i Oslo, melder nyheitsbyrået AP.

Dei innleiande samtalane fann stad tysdag på eit hotell i utkanten av Oslo, skriv nyheitsbyrået onsdag.

Første dag i samtalane vart avslutta med optimistiske signal. Filippinanes presidentrådgjevar Jesus Dureza,beskriv samtalane som oppløftande overfor AP.

Ein representant for José Maria Sisons kommunistgerilja seier samtidig at han føler seg oppstemt.

Duterte blir teken i eid som Filippinanes president 30. juni, så hans delegasjon i Oslo har ingen autoritet til formelt å forplikte seg til noko overfor geriljaen, skriv AP.

Noreg fungerer som tilretteleggjar for samtalane, heiter det. Utanriksdepartementet i Oslo kunne tidleg onsdag morgon ikkje kommentere saka overfor NTB. (©NPK)

Annonse