Klargjør siden...
Annonse

Ap krev at flyselskap droppar prisauke

(NPK-NTB): Arbeidarpartiet krev at flyselskapa Norwegian og Widerøe kuttar dei nylege påslaga sine i billettprisane til flypassasjeravgifta er innført.

– Widerøe og Norwegian må rydde opp i prisauken omgåande. Det er uhøyrt og uakseptabelt at selskapa tar betalt for ei avgift før det i det heile tatt er sikkert om ho blir innført, heiter det i ei fråsegn frå Ap.

Norwegian stadfesta tidlegare i år at dei har auka prisane med rundt 90 kroner for billettane, ifølgje NRK. Også Widerøe auka i vinter grunnprisen på dei kommersielle flygingane sine med 88 kroner per reise.

– Viss ein kunde kjøper ei reise som skal vere etter 1. juni, så kan ikkje vi i etterkant sende rekning til dei. Vi må ta høgd for at den avgifta kjem, og at ho må vere inkludert i prisen, seier kommunikasjonssjef Silje Brandvoll i Widerøe til NRK.

– No er avgifta sett på vent for avklaring i Esa. Derfor forventar vi at Widerøe og Norwegian tar affære, endrar prisane sine og fjernar passasjeravgiftsauken, meiner Ap.

Innføringa av flypassasjeravgifta er utsett til 1. juni i år. (©NPK)

Annonse