Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Rundt 140.000 barn er registrerte som tilhøyrig i Den norske kyrkja, utan at foreldra har gjort noko for å melde barna inn i kyrkja. No kan lova bli endra, melder NRK.
npk@npk.no
Publisert: 05.07.2016 kl 17:16
I dag er det nedfelt i lov at barn i Noreg skal høyre til det same trussamfunnet som foreldra, med mindre ein melder barnet ut.
Det gjeld også dersom berre éin av foreldra er medlem av for eksempel Den norske kyrkja.
Stortingsrepresentant Hege Haukeland Liadal (Ap), medlem i Stortingets familie- og kulturkomité, forstår at enkelte reagerer på ordninga. Ho vil ha ei endring i den nye felleslova for trus- og livssynssamfunn.
– Eg vil at lovverket skal atterspegle den moderne familiesituasjonen. I tillegg meiner eg at foreldre skal gjere ei aktiv handling for å avgjere kva trussamfunn barnet skal høyre til, seier ho til NRK.
– Det er ikkje rettferdig at barn blir melde inn i eit trussamfunn utan at foreldra er merksame på dette. Vi reagerer også på at berre éin av foreldra treng å vere medlem av Kyrkja for at eit barn skal bli tilhøyrig, mens begge foreldra må godkjenne at barnet blir meldt ut, seier Maas. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.