Annonse

Ap stussar over nødpass-nekt i sommarhelgane

(NPK-NTB): Sverre Myrli frå Arbeidarpartiet ber justisministeren forsikra seg om at reisande ved Oslo lufthamn Gardermoen kan skaffa seg nødpass i sommarferien sjølv om det er helg.

Politiet flyttar tilsette frå politivakta til passkontrollen og vil difor ikkje gje ut nødpass til reisande i helgane. Ordninga blei innført i helga og gjeld heilt til 28. august.

– Det høyrest heilt utruleg ut at det ikkje vil vera mogleg å få nødpass i sommarferien, altså i den perioden flest skal ut og reise, seier Myrli.

Han har no sendt eit skriftleg spørsmål til justisminister Anders Anundsen (Frp), der han ber om vurderinga til statsråden og spør om han kan lova at reisande også i sommarhelgane vil få skrive ut nødpass på Gardermoen.

Politiet på flyplassen ber publikum om å venda seg til den lokale politistasjonen sin for å få nødpass frå fredag klokka 15 til måndag klokka 8. (©NPK)

Annonse