Annonse

Aps ferske finanstopp fredar kvar krone frå formuesskatten

Aps nye finanspolitiske talsperson Tuva Moflag seier at det ikkje er aktuelt å gjere endringar i formuesskatten som gjer at staten og kommunane taper inntekter.

– Eg har lært at det no er eitt ord som gjeld, og det er nei, seier ho til Aftenposten.

Moflag seier vidare at Ap er fast bestemt på å behalde formuesskatten, og at sjølv om partiet kan gjer endringar i han, skal han også i åra som kjem vere «minst like innbringande» og «minst like omfordelande».

Finansdepartementet reknar med at staten og kommunane vil få 30,4 milliardar kroner i inntekter i 2023. Ap vil altså ikkje gå med på endringar som gir mindre inntekter enn dagens innretning, ifølgje Moflag.

– Vi vil behalde ein formuesskatt som bidreg minst like mykje til velferd og som er minst like omfordelande i dag, seier Moflag.

Rettesnora for Ap er at vanlege lønnsmottakarar skal komme betre ut av det.

Moflag vart for to veker sidan Aps nye finanspolitiske talsperson og leiar av finanskomiteen på Stortinget.

(©NPK)

Foto: Javad Parsa / NTB / NPK