Annonse

Arbeidarar på Heathrow i London vil streike i sommar

Arbeidarar i British Airways ved flyplassen Heathrow i London varslar streik i skuleferien.

Det kunngjorde fagforeiningane GMP og Unite torsdag etter at 95 prosent av arbeidarane hadde stemt for streik, skiver Sky News.

Det betyr at meir enn 700 BA-tilsette knytt til innsjekk og bakkehandtering kan gå ut i streik midt i den travle sommarsesongen. Fagforeiningane har ikkje varsla ein dato for når streiken startar, og seier dei vil gi flyselskapet tid til å komme dei i møte.

Streikeaksjonen er ein konsekvens av at fleire arbeidarar i det britiske flyselskapet British Airways har uttrykt misnøye og krev høgare lønn for å takle dei auka levekostnadene i Storbritannia.

(©NPK)

Det kan bli endå travlare på London-flyplassen Heathrow. Arbeidarar frå flyselskapet British Airways varslar streik i skuleferien. Biletet er teke på Heathrow onsdag 23. juni. Foto: Frank Augstein / AP / NTB