Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ein lokal arbeider mista livet i ei fallulukke under arbeid på Statoils Aasta Hansteen-plattform i Ulsan i Sør-Korea tysdag ettermiddag lokal tid.
npk@npk.no
Publisert: 19.07.2016 kl 19:41
Arbeideren var ikkje tilsett i Statoil, men jobba på selskapets prosjekt ved Hyunday Heavy Industries, skriv Stavanger Aftenblad.
– Vi jobbar kvar dag for at slikt ikkje skal skje. Når det likevel skjer, er det djupt tragisk, og no er det viktig at vi går grundig gjennom denne ulukka for å finne årsaka og for å forhindre at noko liknande skjer igjen, seier mediekontakt Ola Anders Skauby i Statoil.
Alt arbeid blei stoppa umiddelbart. Det er usikkert når det blir sett i gang igjen. (©NPK)