Klargjør siden...

Arbeidsløysa gjekk ned i juni

(NPK-NTB): Det blei 700 færre arbeidsledige i juni, viser sesongjusterte tal frå Nav. Arbeidsløysa er no på 2,9 prosent av arbeidsstyrken, men framleis aukar den i oljefylket Rogaland.

– Utviklinga i arbeidsløysa dei siste månadene har vore meir positiv enn vi venta. At talet på heilt ledige minkar kjem av i hovudsak at fleire starta i arbeidsmarknadstiltak, men vi ser også at talet på nye arbeidssøkjarane har gått litt ned dei siste månadene, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Summen av heilt ledige og arbeidssøkjarane på tiltak var på 96.800 personar, tilsvarande 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Det er 8.700 fleire enn for eitt år sidan, då bruttoarbeidsløysa var på 3,2 prosent av arbeidsstyrken.

Det er no 2.000 fleire heilt ledige med bakgrunn frå ingeniør- og IKT-fag enn i juni i fjor, tilsvarande ein auke på 35 prosent. Det siste året har arbeidsløysa minka mest for undervisingsyrke og barne- og ungdomsarbeid, med høvesvis 6 og med 4 prosent.

Arbeidsløysa er no høgst i Rogaland, med 4,3 prosent av arbeidsstyrken. Deretter følgjer Aust og Vest-Agder, med høvesvis 3,7 og 3,6 prosent. Arbeidsløysa er lågast i Sogn og Fjordane og Oppland, med høvesvis 1,6 og 1,8 prosent av arbeidsstyrken. (©NPK)

Annonse