Annonse

Arkeologar har funne spor av eit vikingskip i Halden

Spor av eit vikingskip og ei rad gravhaugar og hus frå jernalderen er avdekt ved Jellhaugen i Halden kommune.

- Oppdagingane kan truleg måle seg med funn som Oseberg og Tune, seier fylkeskonservator Morten Hanisch i Østfold fylkeskommune.

Funna er gjort med ein georadar.

- Vi er sikre på at det er eit skip som ligg der, men kor mykje som er bevart, er vanskeleg å seie før funnet er nærmare undersøkt, seier Hanisch.