Arsenal-legende tar over MLS-klubb

Den tidlegare Arsenal-stjerna Thierry Henry tar over trenaransvaret for den kanadiske MLS-klubben Montreal Impact.

Den kanadiske klubben stadfesta nyheita på nettsidene sine torsdag. Dermed held Henry fram trenargjerninga si, under eitt år etter at han fekk sparken i Monaco.

- Henry vil gi klubben ny energi. Han deler visjonen vår om å løfte klubben og vil hjelpe oss med å nå måla våre, både på og utanfor banen, seier klubbpresident Kevin Gilmore i kunngjeringa.

Franskmannen har signert ein kontrakt på to år, med opsjon på endå eit år.

Toppskårar

- Han er ein konkurransemann og ein leiar som har bevist at han høyrer heime på det øvste nivået gjennom karrieren. Han tar med seg desse kvalitetane til Montreal, seier Gilmore vidare.

42-åringen var på sitt beste rekna som ein av dei beste spissane i verda. Han avslutta spelarkarrieren i nettopp MLS og la opp i desember 2014. Henry skåra 228 mål for Arsenal, noko som gjer han til tidenes mestskårande i Premier League-klubben. Han er òg den mestskårande spelaren på det franske landslaget med 51 mål på 122 kampar.

Avslutta i MLS

Etter Arsenal (1999-2007 + 2012) spelte franskmannen for Barcelona (2007-2010), før han avslutta karrieren i New York Red Bulls (2010-2014).

Trenargjerninga starta Henry i Arsenal, der han hadde ansvar for yngre lag. Han var òg assistenttrenar for det belgiske landslaget som tok bronse i VM i 2018.

No prøver han lykka som trenar i MLS.

(©NPK)

Thierry Henry blir ny trenar for MLS-klubben Montreal Impact. Bildet er frå tida som assistenttrenar for landslaget til Belgia. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix