Annonse

Artistsymjar svima av – redda ut av bassenget av trenaren

Artistsymjar Anita Alvarez frå USA vart onsdag redda ut av bassenget etter å ha svima av under solokonkurransen i VM i Budapest.

Alvarez vart redda av trenaren Andrea Fuentes, som stupte uti då ho såg Alvarez liggje på botnen av bassenget. Fuentes fekk amerikanaren til overflata og opp av bassenget.

– Det var skremmande, eg såg at ho ikkje pusta, sa Fuentes til den spanske avisa Marca.

Ifølgje trenaren, som sjølv har fire OL-medaljar, var det ingen av vaktene i symjehallen som reagerte då Alvarez fekk problem.

Alvarez fekk legehjelp i symjehallen og skal vere i god form.

– Ho hadde berre fått vatn i lungene og er ok no, sa trenar Fuentes.

Legen til laget Alyssa Jacobs opplyser at det vil bli teke ei avgjerd fredag om ho skal delta i resten av konkurransen i Budapest.

Ifølgje Jacobs har Alvarez svima av også tidlegare i karrieren.

– Det skjedde ein gong i fjor under kvalifiseringa til OL. Før det har ho hatt sporadiske problem med å svime av, men aldri under konkurranse, seier Jacobs.

Alvarez har delteke i artistisk symjing under symje-VM, som går føre seg i Ungarns hovudstad Budapest.

(©NPK)

Anita Alvarez måtte hentast ut av bassenget under solokonkurransen i VM i svømming i Budapest onsdag. Foto: AP Photo / Anna Szilágyi.

Annonse